Beskrivelse
Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule har ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar frå 1. august 2026
Vi søkjer deg som
- har godkjent lærarutdanning og undervisningskompetanse frå grunnskulen og/eller vidaregåande skule
- har leiarerfaring frå vidaregåande eller grunnskole
- har eleven i fokus
- har brei arbeidserfaring
- trygg på bruk av digitale ressursar og erfaring frå offentlege saksbehandlingsprogram som Visma InSchool, Visma Plus, Elements og ulike Conexusprogram
- er initiativrik, samarbeidsorientert og løysingsorientert i ein hektisk kvardag
- evner å vera med å utvikle skulen som ein lærande organisasjon
Vi tilbyr
- ein givande og utfordrande jobb
- eit breitt og spennande fagmiljø
- eit inkluderande og raust skulemiljø
- løn etter gjeldande avtaleverk
- fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Om stillinga
- 100% fast stilling ledig frå 01.08.2026
- den som blir tilsett i stillinga vil bli innplassert i stillingskode avhengig av utdanning og erfaring jf. lov og avtaleverk
- stillinga har arbeidsstad Otta
Arbeidsoppgåver
- fagansvar med økonomi og personalansvar
- avdelingsansvar for individuelt tilrettelagt opplæring, innføringstilbod for minoritetsspråklege. Andre område kan bli lagt til stillinga
- fellesoppgåver for leiargruppa
- stillinga går inn i skulen si leiargruppe
Kvalifikasjonskrav
- godkjent lærarutdanning for undervisning i grunnskulen og/eller vidaregående skule
- leiarerfaring frå grunnskule eller vidaregåande skule
- erfaring fra overgangsarbeid mellom grunnskole og vidaregående opplæring
- erfaring med koordinering av komplekse elevsaker
- formell kompetanse i, og erfaring frå opplæring av minoritetsspråklege elevar
- formell kompetanse i, og erfaring frå vegleiing i lese og skrivetrening
- erfaring frå samarbeid mellom offentlege instansar og næringslivet
- erfaring frå offentleg saksbehandling etter forvaltningslova med særlovar
Søknad
Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.
Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.
Fylkeskommunen er ei verksemd i utvikling og endring. Arbeidsoppgåver, ansvarsområde og organisering vil difor kunne utvikle og endre seg i takt med behovet til organisasjonen.
Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.
Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.
Vi ser fram til å motta søknaden din.
Link til søknadsskjema:
Søk her