Vinstra vidaregåande skule - Undervisningsstilling i folkemusikk
Vinstra, Norge
Ansettelsestype Deltid
Arbeidsmodell På stedet
Søknadsfrist May 19th, 2026
Er du den rette?

Beskrivelse

 Vinstra vidaregåande skule har ledig inntil 60% fast stilling i folkemusikkfag på utdanningsprogram for musikk, dans og drama – landslinje folkemusikk.

Vi søkjer deg som

  • har utdanning innan folkemusikk og kompetanse i samsvar med kompetansemåla i faga, samt relevant pedagogisk utdanning

Vi tilbyr

  • motiverte elevar, kollegaer og leiarar
  • gode fasilitetar med kultursal, lydstudio, bandrom m.m
  • eit arbeidsmiljø prega av glede, kreativitet, rausheit, ansvar, fleksibilitet og tillit
  • teknisk sterk avdeling med fokus på lydopptak, video og strøyming
  • lønn etter gjeldande avtaleverk
  • fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

Om stillinga

  • Inntil 60% fast stilling i folkemusikkfag frå 01.08.2026

Arbeidsoppgåver

  • Undervise i faget «musikk i perspektiv» – folkemusikk VG2 og VG3
  • Undervise i folkemusikkensemble / spelemannslaget Spira
  • Undervise i biinstrument kveding (avhengig av kompetanse)
  • Undervise i biinstrument: ulike folkemusikkinstrument
  • felelærar (hovudinstrument)
  • andre fag kan vere aktuelle

 

Ønskte kvalifikasjoner

  • Vi søker deg som har utdanning innan folkemusikk og kompetanse i samsvar med kompetansemåla i faga, samt relevant pedagogisk utdanning

Ønskte eigenskapar

  • kjenner breidda i folkemusikkfeltet – klingande, historisk, geografisk og teoretisk – og ser samanhengar mellom fag
  • liker å arbeide med ungdom, ser kvar elev, er god til å motivere og tilpasse undervisninga
  • arbeider godt, både sjølvstendig og i fagteam og bidreg i det faglege fellesskapet
  • har gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg
  • evnar å setje seg inn i læreplanar og lovverk og ser moglegheiter framfor avgrensingar
  • har god orientering om musikkfagleg kompetansebehov i samfunnet
  • er ein aktiv folkemusikkutøvar
  • har digital kompetanse og ser nytta av dette

Søknad

Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.

Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.

Fylkeskommunen er ei verksemd i utvikling og endring. Arbeidsoppgåver, ansvarsområde og organisering vil difor kunne utvikle og endre seg i takt med behovet til organisasjonen.

Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.

Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.

Vi ser fram til å motta søknaden din.


Link til søknadsskjema: Søk her