Sommarjobb for ungdom
Heggenes, Norge
Ansettelsestype Deltid
Jobbposisjon Sommarjobb for ungdom
Arbeidsmodell På stedet
Søknadsfrist May 20th, 2025
Er du den rette?
Øystre Slidre kommune lyser ut sommarjobbar for ungdom i alderen 16 -18 år i perioden 21. juni - 17. august. Vi søkjer etter tre ungdomar som kan jobbe på timebasis. 

Arbeidsoppgåver

Sommarjobben omfattar primært drift og reinhald av kiosk og friluftsanlegg, med utlån og organisering av utstyr til vassaktivitet på Furustrand.

Kvalifikasjonar

Det er ingen formelle kvalifikasjonskrav.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter sjølvstendige og serviceinnstilte ungdomar med ordenssans og engasjement.

Vi tilbyr

  • Lønn etter gjeldande tariffavtalar
  • Nødvendig opplæring

Kontaktinformasjon

Kari Onstad, Kultursjef, +47 99690616

Arbeidsstad


2940 Heggenes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 4959642813
Stillingsprosent: 0%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 20.05.2025