Vestre Slidre kommune søkjer sumarvikarar i juni, juli og august til helse- og omsorgstenestene i kommunen.
Har du lyst til å ha ein sumarjobb der du kan bidra og samstundes lære mykje? Då er det kanskje deg vi treng!
Har du moglegheiter til å jobbe komprimert i ei kortare periode, er vi opne for forslag.
Arbeidsoppgåver
Vi treng ferievikarar til:
- Institusjon og heildøgnsbemanna omsorgsbustadar
- Heimetenesta, i tillegg til sjukepleiar i fengselshelsetenesta
Kvalifikasjonar
- Du må ha fylt 18 år
- Sertifikat for personbil er naudsynt
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar B2 nivå
- Gyldig politiattest må leverast før oppstart
Personlege eigenskapar
- Kunne arbeide sjølvstendig, men også i team
- Positiv og engasjert i arbeidsoppgåvene
- Gode kommunikasjonseigenskapar
- Fleksibel
- Personleg eignaheit vert vektlagt
Vi tilbyr
- Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
- Gode forhold for samarbeid, utvikling og kompetanseutnytting
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
Kontaktinformasjon
Hanne Kårstad, Leiar heimetenesta, 97592703, hanne.karstad@vestre-slidre.kommune.no
Bente Haugen, Leiar Helsetun, 99690622, bente.haugen@vestre-slidre.kommune.no
Arbeidsstad
Slidrevegen 16
2966 Slidre
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune
Referansenr.: 5114676291
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 03.05.2026